tirsdag 5. januar 2016





Bokblogg & nynorsk


Nytt år og nye moglegheiter, for ikkje å seie nye utfordringar!


 
Det er ei utfordring å skrive på nett, slik at alle som vil kan sjå. Også for ein lærar. Nynorsk er mitt sidemål, og om det skulle skje at eg skriv feil, så må du bere over med meg kjære elev.  Det viktigaste er at me deler tankar og idear her inne. Eg skal våge! Eg skal også øve meg på å skrive lange setningar. Og korte. Me skal bruke verkemidla språket gjer oss slik ein dirigent driv eit orkester til å spele godt saman. Les dine medelevar sine blogg-innlegg, kommenter ved å rose spesielt gode setningar eller framhev noko av det dei skriv, og kan hende har du spørsmål også. Me gjer kvarandre gode.


Desse første fire vekene skal me lese og samtala om ei bok som heiter Rebell. Ein rebell er ein opprørar. I ordboka definert slik: " Ein rebell er ein opprørar, ein oppsetsig person. Ordet stammar frå latin;  bellum "krig".


Den generasjonen de som les no høyrer til i har blitt kalla generasjon-prestasjon. Føljger du denne lenka, kan du lese meir om fortidas "rebellar" og ungdom i dag.  http://www.aftenposten.no/meninger/kronikker/Generasjon-prestasjon-Generasjon-perfekt-Generasjon-politisk-korrekt-7838426.html




Rebell er altså tittelen på den boka me les no. Han er skrive av Finn Øglænd. Frå Tananger. Boka kom ut i 2003.


Boka starter med at hovudpersonen, som me ikkje kjenner namnet til i starten, sit i kjellaren heime. Han vil ikkje på skulen. Han har vondt i magen. Mora er bekymra. Han spelar lp’ar han har frå faren sin, som er reist for lenge sida. Han bruker også mykje tid på nettet, kor han chatter med ei han kallar Julia.


Når me har lese litt til i boka, skal de få oppdrag på bloggane:)


Gler meg til å lese!


Christine
Ps Skal legge ved ei lenke ti ei god side der du kan øve nynorsk.
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar