søndag 24. januar 2016

The Beauty of Silence
Eller lyden av klikking på tastatur... Eg har fleire gonger tenkt at det er noko vakkert over ei klasse som har prøve. Alle så konsentrert, kvar med sitt uttrykk - ein kan sjå det arbeidas der inne, og fingrane går.
I dag er de i gong med prøve i sidemål, og de skal skrive ei skjønnlitterær tekst. Om ungdom. Om råskap. Om foreldre. Kan hende nokre av de finn inspirasjon i vårt felles prosjekt. Nemleg boka me les i saman; Rebell av Finn Øglænd. To av de  (johalgias.blogspot.no )har allereie blogga om boka, og denne uka er det Lisa og Verity sin tur til å publisere sine tankar. Dette er spanande!
Eg kjenner at eg blir skikkeleg glad av å sjå de slik som no, de ungdommen av 2016, de flinke, pliktoppfyllande, så smått rebellske (i alle høve heime vil eg tru), snille og hjelpsame ungdom.
Lykke til i dag!
Christine

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar